Generell info

Treungen IL arrangerer Skuggenatten Opp 10 juni og er tildelt NM i motbakkeløp
2023, U-23, senior 24-34 og veteranklassene.

Treungen (247 moh) er sentrum i Nissedal kommune, som ligg i Vest-Telemark. Skuggenatten (706 moh) er ein lett synleg topp frå sentrum, og er eit svært populært toppturmål.

Skuggenatten Opp vart fyrste gong arrangert i 2010 og seist i 2019. I denne perioden hadde arrangementet sterk vekst i talet på deltakarar, og har med tida vorte eit kjend motbakkeløp på nasjonalt nivå, med NM i 2015 og 2018.

Tomas Bereket (Tjalve IL), har løyperekorden for menn på 22.18 min, og Heidi Weng (BUL) for damer med tida 26.36 min. Løpet har start på idrettsanlegget ca.1km sør for sentrum langs Rv 41. Innkjørsle og parkering er skilta. Parkeringsavgift kr.50,-.

I startområdet er det tilgang på garderobar, dusj og toalett, i tillegg til sal av mat og drikke.

Nissedal kommune er ein viktig støttespelar, saman med ulike aktørar frå lokalt og regionalt næringsliv. Sparebanken Sør er hovudsponsor.

Personell frå Nissedal Røde Kors er utplassert på ulike punkt i løypa og i målområdet. Arrangementlege vil vere i målområdet på toppen.

Visjon.

Arrangementet har ein klar folkehelseprofil. Meistring, fellesskap,trivsel og glede gjennom «blodslit» og/eller gode naturopplevingar, er sentrale verdiar arrangementet er tufta på. Arrangementet søkjer å ivareta breidda, og femner alle; eliteløparen, semi-proffen, mosjonisten, turgåaren, livsnytaren, familiar og born.

Overnattingsfasilitetar i nærområdet:

   – Saga Camping (500 m til start)

   – Treungen hytteutleige ( 500 m til start)

   – Nisser hyttegrend og Camping (10 km til start)

   – Sandnesodden Camping (13 km til start)

   – Tjørull Camping (10 km til start)